Retningslinjer for personvern


Retningslinjer for personvern for brukarar av nettstaden sprakverkstaden.no

Adressa vår: Engelgården 2, Bryggen – N-5003 Bergen

Organisasjonsnummeret vårt: NO 892 462 402 MVA

Språkverkstaden, ved dagleg leiar, er ansvarleg for behandling av personopplysningar.


Språkverkstaden har som mål å behandle personopplysningar med respekt og varsemd.

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, organisasjonsnummer og annan nødvendig informasjon. Dette er opplysningar som vi berre nyttar for å handtere forholdet vårt til deg som kunde. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit slikt kundeforhold. Du har rett til innsyn og til å få retta og sletta data som vi har lagra om deg. Etter avslutta kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge det er formålstenleg, slik at vi kan hjelpe deg med eventuell historikk dersom du skulle ha behov for det.

Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Vi leverer ikkje ut personopplysningar med mindre det ligg føre ei lovbestemt opplysningsplikt overfor offentlege styresmakter.

Informasjonskapslar

Nettsida vår nyttar informasjonskapslar (cookies), og ved å bruke sprakverkstaden.no samtykkjer du i at vi kan setje cookies i nettlesaren din.

Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi bruker dette for å kunne tilby deg ei betre kundeoppleving neste gong du besøkjer nettsida vår. Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at cookies blir aksepterte automatisk. Dersom du ikkje ønskjer å akseptere cookies, må du sjølv endre innstillingane i nettlesaren din. Ver merksam på at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace / Google Analytics
Formål: Samle informasjon om korleis besøkjande nyttar nettsida. Vi bruker denne informasjonen til å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om antal besøkjande på nettsida, kvar dei kjem frå, og kva sider dei besøkjer.

Eigar: Facebook
Formål: Samlar informasjon om besøkjande for å tilpasse marknadsføring på Facebook.

Eigar: Vimeo
Formål: Lagar statistikk over visingar og visingsdata på videoar på sida.

Deling

Det er mogleg å dele innhald på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter etc.). Vidare handtering av data som blir delte i sosiale medium, blir regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

Innsyn, retting og sletting

Etter personopplysningslova § 18 har du krav på innsyn i opplysningar som er registrerte om deg sjølv. Innsyn kan du få ved å ta kontakt med Språkverkstaden på post@sprakverkstaden.no. Dersom registrerte opplysningar er urette eller ufullstendige eller du ønskjer å slette opplysningar om deg, kan du krevje dette i samsvar med personopplysningslova § 27.

I Språkverkstaden er vi opptekne av å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Dersom du har spørsmål, er du velkommen til å ta kontakt på post@sprakverkstaden.no.