Omsetjing til nynorsk
I tillegg til omsetjing mellom norsk og engelsk er det nynorskomsetjing vi driv aller mest med her i Språkverkstaden. Vi har lang erfaring med å omsetje tekstar av ulike slag frå bokmål til nynorsk, ikkje minst for dei mange kundane våre i det offentlege. Nynorskomsetjingar av byråkratiske bokmålstekstar blir gjerne både smidigare og mindre papirknitrande enn originalen – det har vi fått høyre sjølv frå svorne riksmålsfolk.
Vi praktiserer ein nøytral «vestlandsnynorsk» som ikkje stikk seg ut i verken konservativ eller radikal retning. Husnorma vår er nøye gjennomtenkt og praktisert i årevis, så du får den same nynorsken uansett kven som omset.
Både Gry og Jan Ove i Språkverkstaden har bestått Språkrådets kompetanseprøve i nynorsk. Om denne prøven skriv Språkrådet, som er statens fagorgan i språkspørsmål:
«Du må ha svært god kunnskap i norsk og svært gode evner som språkvaskar og korrekturlesar og som omsetjar frå bokmål til nynorsk. Lista ligg høgt: Dei som greier prøva, skal vere språkkonsulentar som Språkrådet kan gå god for og tilrå utan atterhald.»
Vi har fleire rammeavtalar med statlege verksemder om omsetjing til nynorsk. Vi omset dessutan lærebøker på regelmessig basis for nokre av dei største norske forlaga.